– Denne konserten MÅ me ha med oss

Songlaget Stordbuen i Stord kyrkje søndag kveld. (Foto: Steinar Hystad)

Dei er blitt ein viktig del av førebuinga til tilstundande høgtid, konsertane i Stord kyrkje 2. søndagen i advent. Eller som  han sa det så treffande på kyrkjetrappa, ein av dei trufaste lyttarane til gilde juletonar: – Denne konserten  MÅ me berre ha med oss. Det er blitt ein god tradisjon.

Og det gjeld ikkje berre for oss som tek plass i kyrkjebenkene, det gjeld så visst også for dei som står for den utøvande spreiing av  song og musikk. Me har vel sagt det mange gong før, men sidan ein gong ting godt kan seiast for ofte, tek me oppatt: Stord Musikklag, Leirvik Mannskor, Songlaget Stordabuen og Stordkoret: –  Dei øver og øver på smekre harmoniar, slik at me kan nyta «fruktene» av iherdige innsats.

Det same for deltakarane på ettermiddagsjulekonserten; med   Langeland skulekorps, Stord og Rommetveit skulekorps og Lovsongbrørne.

Stord Musikklag hadde to innslag i konserten, i tillegg til å «varma opp» publikum i førkant med dei mest kjende julesongane. (Foto: Steinar Hystad)