
Det slår Sylve Rusten, rådgjevar idrett- og friluftsliv, Tekniske tenester i Stord kommune, fast i ein epost til stordront.no. Bakgrunnen er saka i nettavisa måndag 27. november om kor mange s’ar det skal vera i Hystadøyane.
I eposten skriv Rusten:
– Om ein ser på Norgeskartet står det Hysstad med to s’ar òg. Hysstadtræet og Hysstadvika, Hysstad, men Hystadvegen og Hystadbakkjen. I det lokale namnearkivet står det Hystad med ein s, men i stadnamnarkivet til Kartverket står Hysstadvika med to.
– Ser du på Norgeskart skriv dei òg Tyseskaret med to s’ar og er plassert i Vaulane. Det skulle vore lenger nord.
– Eg vil tru at det heng att etter gamalt kartverk og det ikkje er handsama namnesak på desse dobbelt s’ane.
Kan jo og ha vore endringar i uttalemåte over tid.
