Framleis vasspest i Vikastemmo

Viktig informasjon om vasspest i Vikastemmo er riven vekk. (Foto: Steinar Hystad)

Over tid har eit oppslag i  vestre  kant av Vikastemmo informert om den uønska planta vasspest, som har fått «godt fotfeste» i vatnet der. Brått vart plakaten vekke, og att stod eit skilt med sterke spor etter lim. Kunne det vera sant at vasspesten var forsvunnen, eller var forbipasserande vitne til resultat av hærverk? Spørsmåla vart retta til  Stord Fitjar  landbruks- og miljøkontor.

– Det stemmer nok at det er hærverk, eller noko anna. Vasspest er framleis i Vikastemmo. Me må sjå om me kan få sett opp eit nytt skilt, skriv natur- og miljørådgjevar Marlene Sørli i e-post til stordront.no.