91 spelte cup på Vikahaugane

Folksamt i  storehallen under Monter Cup søndag. (Foto: Steinar Hystad)

Iveren og gleda over balleiken var det stor  i hallane på Vikhaugane Sportssenter søndag. Der  arrangerte Stord Fotball  Monter-Cup med stort oppmøte.

–  Rundt 500 spelarar i alderen mellom 6 og 10 år har meldt seg på. Dei representerer klubbar  frå i heile Sunnhordland, opplyste  Roger Matre  i Stord-fotball.

Med  ihuga foreldre på sidelina til trear- og femar-banane vart det retteleg folksamt.  Etter kampane var det medaljeseremoni.

Trearlaga innleiar cupen. (Foto: Steinar Hystad)