In dulci jubilo: Ei musikalsk juleforteljing

(Illustrasjonsfoto: Steinar Hystad)

Konsert med Stordkoret og profesjonelle musikarar, Stord kyrkje, laurdag 2. desember kl. 17.00

Stordkoret har sidan koret blei skipa i 1978 sett det som ei av sine viktigaste oppgåver å gje Stord og Sunnhordlandsregionen flotte konsertopplevingar. I 45 år har me oppført musikkverk som publikum elles må reisa til Bergen eller Stavanger for å høyra i levande framføring. Berre det siste tiåret inkluderer dette kyrkjemusikalske verk av Bach, Brahms, Händel og Fauré. Etter pandemien kom Stordkoret tilbake med ein stor konsert hausten 2022, der me saman med musikarar frå Stavanger Symfoniorkester framførte mellom anna Kroningsmesse av Mozart. Våren 2023 hadde me eit vellukka samarbeid med det lokale orkesteret Breibandet Big Band, med tre framføringar for over 400 publikummarar på Stord og Fitjar av Duke Ellingtons Sacred Concert. Hausten 2023 tel koret rundt 45 aktive medlemmer, og fast dirigent er Liv Kari Bru.

Hovudprosjektet vårt hausten 2023 har vore prosjektet «In dulci jubilo: Ei musikalsk juleforteljing». Me har sett saman eit repertoar som dannar ei forteljing om jula i ord og tonar. Publikum vil få høyra både kjende og mindre kjende musikkstykke som på ulike måtar handlar om høgtida som står føre oss – frå julesongar som «Jul, jul, strålande jul!» og «Mitt hjerte alltid vanker» via moderne komposisjonar av Erik Hillestad og Frode Alnæs til klassiske stykke av Händel, Mozart og Gounod.

Eit tyngdepunkt i repertoaret denne gongen vil vera musikk av John Rutter (f. 1945). Stordkoret framførte hans Rekviem for litt over ti år sidan, og vender no tilbake til denne engelske komponisten og dei iøyrefallande melodiane hans. Publikum vil under denne konserten få høyra fleire av Rutters christmas carols.

Stordkoret har tradisjon for å samarbeida med profesjonelle musikarar, og me er glade for å kunna gjera dette denne gongen også. Strykarane Eirik Stangenes, Sarah Høigilt og Cecilia Johansson kjem frå musikkmiljøet i Stavanger, medan Ingjerd Kannelønning Kolstad, Orlaug Evensen, Noah Wibe og Åge Østrem er aktive som musikarar i Sunnhordland og Haugalandet-regionen. Noah Wibe er dessutan ny fast repetitør for Stordkoret. Stordkoret har opptredd med fleire av desse musikarane tidlegare, og me ser no fram til å utvikla dette samarbeidet vidare.

Musikarar:
Stordkoret
Liv Kari Bru: dirigent
Ingjerd Kannelønning Kolstad: sopran
Noah Wibe: piano/orgel
Eirik Stangenes: fiolin
Orlaug Evensen: fiolin
Cecilia Johansson: bratsj
Sarah Høigilt: cello
Åge Østrem: trompet