Flaumvarsel i indre Borggata

Flaumfare i Indre Borggata. (Foto: Steinar Hystad)

Når regnet først kom etter ein lengre opphaldsperiode med vakkert haustver, var det ikkje måte på kva mengder som fall ned – samstundes. Mellom 50 og 70 millimeter vart målt kringom i Vestland fylke onsdag, opplyste meteorologen nett før  sjunyhenda torsdag. Mykje av denne vassmengda samla seg på flaten langs Spelemannsneset i Indre Borggata. Køyrebanane vart fylte og framstod stundevis som bekkar. Utover dagen og kvelden vart det  trong for å varsla bilistar og gåande om flaumfare. Regn skal det framleis koma, om ikkje i like heftige byger som onsdag.