Huglabuen får høyra perlene til Tysnes kammerkor

Tysnes kammerkor

Tysnes sitt vaksenkor har eksistert som felleskor for alle bygdene på øya i 30 år. Fyrst men namnet «Kor som helst», men frå 2005 fekk dei namnet «Tysnes kammerkor».

Laurdag 25.nov. dreg koret over til Huglo for å gleda bebuarane på naboøya med perlene frå både dei verdslege konsertane og kyrkjemusikken dei har framført opp gjennom åra. 

Irene Simonsen frå Stord har akkompagnert koret på fleire konsertar. Det er trygt og godt å ha med ein så dyktig pianist, skriv koret i ei pressemelding.

Konserten blir halden i Huglo kapell kl.15.30.