Stifting sikrar framtida for Hatland skule

Stiftinga Venelaget for Hatland skule jobbar for å få aktivitet att i bygningen.. (Foto: Steinar Hystad)

– Måla våre for framtida og det gamle skulebygget fleire, seier Johannes Slettebø som måndag vart valt til leiar i nyskipa; Stiftinga Venelaget for Hatland skule. Skipingsmøtet vart halde i Horneland bedehus, med godt frammøte og positiv «draiv» for endeleg å få ting til å skje med bygning og området rundt.

– Mellom arbeidsoppgåvene no er å få i stand ein langsiktig leigeavtale med kommunen, som eig skulehuset og tomten.  Reint teknisk er det ein del som må gjerast, men sjølve grunnstamma i bygningen er framleis solide saker.  Me ser føre oss ein mangslungen bruk, ein sambruk mellom grendahus og skulemuseum sidan me har tilgang på ein del eldre klasseroms-inventar, fortel Slettebø til stordront.no.

Mykje kan gjerast på dugnad, noko som vart prøv med suksess tidlegare i månaden med  rydjejobb rundt den gamle skulestova.