Nissane på stubbane

41 stubbenissar ventar i Landåsskogen. (Foto: Steinar Hystad)

– Når det lid ut i november, skal stubbenissane på skogstur igjen, sa Åshild Bjelland Kallekleiv til stordront i  januar i år.  Då var ho i full jobb med å leggja dei 41 handlaga nissane til tørk i garasjen. Halvannan månads tid hadde nissane, med lys, stått på kvar sin stubbe i ein skråning ved inngangen til Trollskogen og Eventyrvegen. Stort sett i regn.

For nokre dagar vart nissane med på Bjelland Kallekleiv sitt lass ut i skogen, og då stordront.no gjekk løypa framom no i helga var det i lag med mange barnefamiliar på nissetur. Figurane med raud topphue blir garantert eit populært turmål også denne førjulstida.