Redningsstigane på plass

Viktig at redningsutstyret får liggja  i urørt beredskap –  det kan brått bli trong for. (Foto: Steinar Hystad)

Like sikkert som november kjem, like sikkert er det blitt at kommunale redningsstigar denne månaden blir strategisk  utplasserte med tanke på kulde og høve til skeising på naturis.

– 18 stigar med tau enden er lagt ut på sine «faste» punkt  ved  Storavatnet, Ådlandsvatnet, Krokatjødno, Meatjødno,  Tveitavatnet, Landåsvatnet, Hustrudalsvatnet, Vikastemmo .  Lags dei største vatna er det fleire stigar,  og når isen  har lagt seg kan det vera lurt å merka seg kvar næraste redningsstig  ligg, i tilfelle noko skulle skje, seier brannsjef  Jan Over Anthun  til stordront. Det er Stord brann og redning som har  ansvaret for utlegging  – og henting når det atter vårast.