Her vart det veldig bratt

Avsluttinga på gang- og sykkelvegen har eit kritisk punkt i nedstiginga mot Fv 544, påpeikar innbyggjar i e-post til kommunen. (Foto: Steinar Hystad)

Dei mange kraftig bremsespora etter syklar  nedst i gang- og sykkelvegen frå Bandadalen  langs nye vidaregåande  mot fv 544, har fått ein innbyggjar til å etterlysa informasjon om kva som skjer vidare i området. I e-post til kommunen blir det påpeika at det lett kan skje ei ulukke i det bratte nedre krysset, ved ei påkøyrsle eller at ein endar ute i fylkesvegen.

– Eg ser at det no blir laga ein veg på austsida av skulen. Vil denne halda fram til eksisterande gang- og sykkelveg frå Bandadalen og bli open for gåande og syklande? Vidare etterlyser eg  informasjon rundt byggeprosjektet frå kommunen sin ståstad, herunder refleksjonar rundt stigningsgraden og avsluttinga mot bilvegen for den  mellombelse gang- og sykkelvegen, skriv avsendaren.

Biletet: