Spurde, og fekk svar om – gatelys

(Illustrasjonsfoto: Steinar Hystad)

I møtet  til Utval for byutvikling torsdag, stilte Reinert Svanberg (FRP) to aktuelle spørsmål om gatelys i Stord kommune.

1. Er det slik at det skal ta «år og dag» få fiksa eit gatelys? Eg har forståing for at ein prioriterer dei områda det er mest trafikk, men det har gått over 600 dagar sidan dette vart meldt inn første gang.

2. Kva seier avtala kommunen har med HK om dette? Har me alternative tilbydarar?

Han fekk desse svara frå kommuneleiinga:

1. Stord kommune har målsetting om at veglysanlegga skal fungere med minst mogleg driftsforstyrringar i høve til normaldrift. Kommunen har ansvaret for om lag 3000 lyspunkt. Stord kommune og Haugaland Kraft Energi (HKE) er i dag avhengig av at innbyggarane melder inn mørke veglys via HKE si nettside. Samstundes er Stord kommune også avhengig av at tenesta fungerer som tenkt.

2. Kommunen har avtale med Haugaland kraft (HKE) om planlegging, utbetring, drift og vedlikehald av veglysanlegga i kommunen. Avtalen omfattar alle dei komponentane som inngår i veglysanlegga Stord kommune eig, samt tenning og sløkking av veglysanlegg, registrering av lyspunkta og kontakt med publikum. Avtalen omfattar veglysanlegg, intensivbelyste gangfelt eigd av kommune og kommunale lys langs turløyper.

For veglysa seier avtala at for perioden september- april gjeld følgjande kriteria: – Det vert teke sikte på at ikkje meir enn 7% av lampepunkta ligg i mørke. – Ved fotgjengarovergangar og farlege kryss skal det ikkje ta meir enn 5 arbeidsdagar frå melding er motteke hos HKE til lampa er skifta.

– For mørke lamper som er meldt av publikum, skal ein ikkje vente meir enn 20 arbeidsdagar frå dei er meldt til dei er utbetra. Det er difor ikkje i tråd med avtala når ein brukar 600 dagar på å ordne mørke lys. I dette særskilde tilfellet har HKE beklaga og grunngjeve situasjonen med menneskeleg feil.

Brorparten av lysanlegget i Stord kommune består av eldre byggestrategi. Eldre byggestrategi har vore at det blant anna er etablert tennskap inne i høgspent kioskar og i høgda der det er linjeoverføring i tre-master med fellesføring/blanke EX-leidningar. Denne strategien gjer at ikkje kven som helst ikkje får tilgang i anlegga. Med bakgrunn i kommunen sine lysanleggs noverande infrastruktur og regelverk for elektrofag, kan ikkje Stord kommune enkelt skaffe alternative tilbydarar på vedlikehaldet.

Tekniske tenester arbeider for at det i framtida skal vera mogleg med alternative tilbydarar også på vedlikehaldet. Korleis dette bør løysast ynskjer me å kome tilbake på ved ein seinare høve.