Sein  syden-flight?

(Ill. foto Steinar Hystad)

Det blei både kikke litt ekstra og kommentert litt ekstra i  ferjesalongen  på overfarten med avgang 0910 frå Sandvikvåg, fredag. Komne  såpass langt mot nord at  reisande såg både enden på Reksteren og  vestover Bjørnafjorden kom nokre fugleflokkar imot.  Særs godt synlege mot  klår hausthimmel. Når dei fekk samla seg i  ein rimeleg grei v-formasjon, var det ikkje lenger nokon tvil: – Eit trettitals grågås  fauk mot sør 17.november.  Ein sein  syden-flight?  Eller flytting  frå  snødett i innlandet  til grøn mark i Austevoll?