Pepperkakestovegolv og tenning av juledelgrana

Imponerande pepperkakemodell av Stovegolvet – med både sherpatrapper, hytter og utsiktstårn. (Foto: Steinar Hystad)

Laurdag ettermiddag var det gryande julestemning å spora i Leirvik sentrum. Då vart nemleg pepperkakebyen i 2. høgda på Amfi-senteret opna. Blandt mange fine, velsmakande konstruksjonar stod ein imponerande versjon av Stovegolvet – med alle tilhøyrande installasjonar – oppført av bygg- og bakarmeistrane i familiane Økland, Larsen og Haugstad. Eit imponerande verk med flotte detaljar.

Mange gjekk i fakkeltog frå Stord kulturhus til Torget og Borggarden laurdag. (Foto: Steinar Hystad)

I halv fire tida byrja det å samla det seg ei betydeleg folkemengd kring Stord kulturhus. Der var det sal av faklar (rundt 200 faklar vart seld) og presis klokke fire snirkla det seg eit funklande fakkeltog gjennom dei kalde sentrumsgatene. Endestasjon var den store juleedelgrana i Borggarden framom Rådhuset. Der venta varaordførar Øyvind Kyvik (H) som i år hadde fått det ærefulle oppdraget med å tenne lysa i treet. Han fekk god hjelp av dei frammøtte ungane med å telje ned frå 10 til lys! Rett staseleg!

Og med det helsar me julestemninga velkommen!

Den grøne, glitrande edelgrana i Borggarden. (Foto: Steinar Hystad)