Sogelaget byr på innhaldsrikt  Årsskrift 2023

Starten for Chiclets i 1962: (f.v.) Arne Risan, bass, Per Øystein Kannelønning, gitar, Arvid Nilsen, gitar og framme – Olav Skorpen, slagverk. (Foto: Privat)

I år er det ni artiklar i sogeskriftet og dei spenner over mange tema, blir det kunngjort i føreordet til 2023 utgåva som kjem i sal no til helga.

«Liv Ingrid Grov fortel med innleving om sine førte lærarår i artikkelen «Siste skuleår på Børtveit skule». Innlegget speglar ei grunnleggjande endring i skulesystemet vårt.

Oddbjørn Kvålsvold gjev ei grundig framstilling om gjenreisinga etter den siste verdskrigen,  ein tidsperiode  som meir tilårskomne lesarar kjenner seg godt igjen i.

Steinar Hystad skriv om musikkeventyret The Chiclets som i år gjorde eit 61-års «comeback» og vekte åtgaum på utestaden Åtgaum. Hystad fortel dessutan om eit minne i eit løegolv etter forlis ved Røssbøneset på Huglo i 1913.

Kjellbjørg Lunde intervjuar  Kes Van Der Ven om hans livssoge frå den vide verda til han til slutt hamna på Stord. – Som for mange er det kjærleiken som bestemmer kor me slår oss ned, innrømmer han.

Nils Tore Økland skriv om symbolikken i, og lagnaden til, skulefana på Lærarskulen, eller Høgskulen på Vestlandet som han no heiter.  Fana kan vel seiast å vera ein faneberar for innhaldet i all lærarutdanning, også i dag.

Påfallande i år,  er at det fleire framhaldsartiklar, nærmast som følgjetongar:  Åsta Lorentsen  kjem med del 2 om Langelandsbutikken på Vikjo.

Artikkelen gjev yngre  generasjonar ein flott historisk bakgrunn for Borggata som sosial møteplass slik gata i si tid fungerte.

Harald Breivik fylgjer opp to artiklar frå Årsskriftet i fjor om finsteinhoggaren August Hjalmar Taipale. I år skriv han om spor etter denne  steinhoggaren i ytre Sunnhordland, rikt illustrert med foto.  Ved UNESCO-godkjenninga av Geopark Sunnhordland har artiklane til  Breivik no vortne særs aktuelle.

Magne Bjelland fortel på ein spennande måte om Amerika som draumen om eit betre liv. Han følgjer opp neste år med del 2 om korleis det gjekk med dei som drog.