Blir betre på tilhøyrarplass

Hilde Hildal Hauglid (SV) tok til orde for gjennomført brukt av talarstolen også i formannskapsmøta. Fungerande ordførar Øyvind Kyvik (H) sa seg samd. (Foto: Steinar Hystad)

– Lyd er ein viktig del av det universelle tilbodet, derfor  må me bruka talarstolen når me ber om ordet også i dette forumet, sa Hilde Hildal Hauglid (SV) frå talarstolen i formannskapet onsdag.

– Det må det seiast eit klart ja til, repliserte varaordørar  Øyvind Kyvik (H), som leia møtet.

Hauglid fekk hint undervegs i  drøftingane om at meiningsvekslinga mellom tettsitjande  politikarar ikkje nådde langt nok bak i salen, slik lyden skal bera i møte opne for publikum. Ho tok straks affære, og framover blir det  betre tilhøve også på tilhøyrarplass når utvala samlast til  debatt og saksbehandling, som i komande veke. Då blir det også budsjetthøyringar.