Jubelblues: Familiekonsert med Good Time Charlie

Bluesbandet Good Time Charlie spelar i Stord kulturhus komande torsdag. (Pressefoto)

I samband med Falturiltu-festivalen arrangerer Stord Jazzklubb familiekonsert med Good Time Charlie. Konserten vert halden i Stord kulturhus torsdag 9. november. Om Good Time Charlie skriv jazzklubben følgande på sine nettsider:

Good Time Charlie (GTC) er klare med sitt fjerde album i Jubelblues-serien. Her får du høyra melodiar om mamma som blei russebussjåfør, bli køsprø, og vera gul og blå med gips frå topp til tå. Musikken på dette albumet vil du for første gong kunna høyra live på familiekonserten som Stord Jazzklubb arrangerer i samarbeid med Falturiltu. Musikken er energisk rhythm and blues i kjend Good Time Charlie stil. Tekstane er på vestlandsdialekt og songane er lette å syngja med på. Her er mykje humor, ville sprell på bluesgitar og fri fantasi!

Med familiekonseptet Jubelblues har GTC truffe innertiar i det å spela blues for barn i alle aldrar. Jubelblues er gøy for små og store. Her kan alle delta – det handlar om å få brukt spontaniteten sin på ein god og leikande måte. Good Time Charlie har stort engasjement for rhythm and blues som musikkform og fartar landet rundt med ei unik evne til å skapa trygg og kreativ kontakt med publikum. Ny plate betyr eit nytt kapittel i Jubelblues si reise og passar for heile barneflokken – frå 0 -100 år! Ein kan stadig høyra GTC sin musikk på NRK Radio Super, NRK sin musikkanal for born.

På føremiddag same dag vil Good Time Charlie halda konsert for skuleborn i Kulturhuset. Også denne konserten blir arrangert i samarbeid mellom Stord Jazzklubb og Falturiltu.

Billettar til familiekonserten finn ein på Stord Kulturhus.

Arle Hjelmeland – song, munnspel
Steinar Karlsen – gitar, song
Morten Skage – bass, song
Einar Olsson – trommer, song