Lysløyper å velja mellom for den turglade

Motivet er henta frå lysløypa ved Høgskulen, i nedre del av Seminarhagen. (Foto: Steinar Hystad)

Mørke kveldar, og morgonar for den del, treng ikkje vera til hindre for å halda turaktiviteten oppe i mørketida. I Stord kommune er det  etter kvart kome godt  lys langs mange turvegar. Prestagardsskogen nord og sør, Landåsen nord, Ådlandsvatnet og Nysæter/Hustrudalen/Rødkleiv. Sylve Rusten, rådgjevar for idrett og fritid i kommunen vår, viser til denne lenka når stordront.no ber om eit oversyn:

https://www.stord.kommune.no/turloeyper.6060621-447610.html

Om løypa «Lundarstøl» er å melda at denne er drifta av skigruppa og er stort sett «berre» open når det er snø. På Rommetveit har dei si eiga lysløype, den går langs sjøen med start i Breivikjo mot idrettsbanen  på Høgskulen.

– I løypa Ådlandsvatnet er det er det ljos frå Kyrkja til Knutsanaustet  (herifrå opp til Lønning/E39)

Grønavikjo og til Vatna. Nokre lyspunkt på kommunale veg til Saneset, herifrå til Trongaste (gamle stien/vegen) er det ikkje ljos. Skjephaugen – Røyrtjødno – Heiane – Skjephaugen – har ikkje ljos, førebels.  Så kan det leggjast til at Vegavdelinga har vore ute med kantslått i store delar av turnettet no i haust, seier Rusten.

Kart over lysløypa Nysæter – Hustrudalen – Rødkleiv (Utskrift frå Norkart AS kartklient)