Ventar på eigaren!

Paraplyen ventar på eigaren. (Foto: Steinar Hystad)

Lat oss seia at turen går  rundt Ådlandsvatnet, mot sola, med start ved Møllebruo. Då heng denne godt brukande paraplyen og ventar på eigaren i stikrysset når du kjem i land på  Ådlandssida av Trongaste bru. Frå dette punktet er det 6 kilometer rundt vatnet, opplyser skiltet.

(Gjerne ikkje så mykje å nemna på, sidan det er  6 kilometer som ventar uansett kor du startar runden, men ein fin tur er det, lell).