3.200.000.000 delt på 14.618?

Kristtornkommunen kan i haust gleda seg over framifrå fin kristtorn – også i heilt sentrale strok. (Foto: Steinar Hystad)

Per dato har Stord kommune  ei gjeld på 3.2 milliardar kroner, opplyste kommunedirektøren då han la fram forslaget til budsjett for 2024.

Skrive med tal tek summen sin plass: 3.200.000.000, endå lenger om me går ned til «berre» millionar. Då er den offentlege skulda tretusentohundremillionar kroner.  Neste år krev gjelda 231 millionar kroner til  renter og avdrag.

Fordelt på 19.000 stordabuar blir kvar og ein sin del av gjelda 168.000 kroner.  Fordelt på dei 14.618 røysteføre (over 18) i kommunen blir del av gjelda 218.000 kroner.  

Kommunedirektøren har varsla bremsetiltak for pengebruk og store investeringar.