Yrkesfagdag for dei i tiande

350 tiandeklassingar var på fagdagen i Kulturhuset. (Foto: Steinar Hystad)

Ungdomen snakkast oftaste lett og godt i lag, og difor var det skuleungdom som møtte yrkesungdom yrkesfagdagen i  vestibyleområdet i Stord Kulturhuset tysdag føremiddag.

Til våren  må dei som no går i tiande på  ungdomsskulen ta eit val for den vidare arbeidsvegen. Skal det bli meir studiespesialisering eller  eit yrkesfag.  25 verksemder frå regionen hadde stands og det var  lærlingar frå desse som informerte om yrka dei no emnar på fagbrevet innan.  Dei 350   tiandeklassingane som besøkte «messa» kom frå  Fitjar, Tysnes, Austevoll og Stord.  Ytre Sunnhordland  opplæringskontor stod for arrangementet med øyremerka tilskot frå Fylkeskommunen.