Kunne blitt auredam i -64

I 1964 vart det drøfta om  Vassverksdammen i Lønningsåsen skulle bli kommunal auredam. (Arkivfoto: Steinar Hystad)

Då kommunestyret i septembermøtet i år gjorde vedtak om (mogleg)  framtid for vassverkdammen i Lønningsåsen, var ikkje det første gong gong skjebnen til vassverket anno 1913 var til offentleg debatt.  I  boka «STORD – store og litt mindre hendingar 1958-1969» er det med korte snuttar laga resyme over viktige ting som skjedde. I 1964 til dømes, var det planar om å gjera  gamle vassverket i Lønningsåsen til auredam.

Korleis det gjekk vidare i den soga, veit me ikkje.  Difor tyr me til fleirtalsvedtaket frå Stord kommunestyret i september  59 år seinare  i sak «Dam i Lønningsåsen»

– Kommunestyret bed kommunedirektøren i samband med budsjett for 2024 leggja fram eit revidert alternativ 1, der ein anten riv øvre halvdelen av demningen og lar den nedre halvdelen stå att, eller riv og byggjer opp at ein nedskalert demning. Kommunestyret legg til grunn at dette vil redusera kostnadene med prosjektet betydeleg, samtidig som ein legg til rette for at dammen igjen kan brukast som bade- og samlingsplass for nærområdet, og at ein tek i vare soleigroførekomsten i området. Kommunestyret vil komma attende til finansiering i samband med budsjett for 2024. Kommunestyret legg til grunn at kommunedirektøren undersøkjer alle moglegheiter for å få statleg og/eller fylkeskommunal støtte til tiltaket, som viktig kulturminne og nærmiljøanlegg, og at dette er klarlagt i samband med framlegging av budsjett for 2024.