Ros til Huglo eldretreff for godt stadnamnarbeid

Tala viser stades på Nordhuglo om no er sikra sitt gamle lokale namn i  database hjå fylket. Det er laga liknande kart for Sørhuglo.

– Det er ikkje å stikka under ein stol at slike kulturminne  er sterkt utryddingstruga . Stadnamna med meininga som ligg bak  forsvinn med dei menneska som har brukt dei, difor er det viktig å få dei dokumenterte og sikra for framtida. Eg må få takka for den imponerande store jobben som er gjort med å samla inn og kartfesta stadnamn.

Desse godorda er skrivne av kulturådgjevar Ragnhild Tveit i Stord kommune i brev til Huglo Bygdalag – med underadresse til Eldretreffet i skulstova. I tillegg til mat og prat på samlinga ein onsdag i månaden, likar dei å jobba med prosjekt. Innsamling av gamle skulebilete og namnsetjing på  elevane var ikkje forvel avslutta,  før den eldre garde sette seg føra å samla framleis levande stadnamn og føra dei på kartet. Fangsten vart stor; 640 namn. Tidlegare i haust var lister og kart sendt kommunen, som har sendt kulturminnematerialet vidare til  fylkesarkivet for Vestland der dei  for tida jobbar med eit stort stadnamnprosjekt.

– Fylkeskommunen har løysingar  for å ta vare på og gjera stadnamna tilgjengelege i stadnamndatabasen  fylkesatlas.no, opplyser kulturrådgjevar Tveit.