No heiter det – Utval for byutvikling

Byutvikling i Stord omfattar Leirvik og kommunen elles. (Foto: Steinar Hystad)

– Forslag om å byta namnet på utvalet vart reist også for  4 år sidan, men vart nedstemt av Senterpartiet.   No vart det samrøystes vedteke å døypa om til Utval for byutvikling, for det er jo det som bli hovudoppgåva vår. Og byen heiter som kjent (heile) Stord.

Reinert Svanberg (Frp), den nye leiaren i det «nye» utvalet veit godt kva det dreiar seg om. Førre  valbolken var han nestleiar i utvalet som fekk tilnamnet PUT,  utval for plan og utvikling.  Han meiner den nye nemninga meir synleggjer kva jobben blir for dei 11 folkevalde  i utvalet. Namneendringa vart vedteke på  det konstituerande møtet for Stord kommunestyre 2023-2027.

Arbeidsområde for utvalet er nedfelt slik:

  • Hamnesaker
  • Teknisk/fagleg godkjenning av planar for idrettsanlegg ved søknad om statleg stønad (spelemidlar) og ferdiggodkjenning av anlegg
  • Tekniske tenester, herunder også vatn- og avlaup, sektorplanar, inkludert kommunedelplan
  • Kultur- og bygningsvern
  • Fastsetjing av stad- og vegnamn og skrivemåte m.m.