Stord og Nysæter kyrkje startar ungdomsklubb!

Ungdomar i full gang med oppussing av klubblokalet på loftet i Kyrkjestova Fredheim. (Foto: Privat)

Kjekke ungdomar har gjort loftet på Kyrkjestova Fredheim (Hystadvegen 32) om til klubblokale. Dei har malt i spreke fargar, og er klare til oppstart allereie fredag 27. oktober (kl. 19:30-23:00). Klubben er frå 8. klasse og oppover, og blir eit tilbod kvar fredag til og med 15. desember. Det blir servert mat, og det blir god tid til å spela spel og å vera i lag. Sidan klubben er heilt ny, skal ungdomane sjølve få vera med å påverka korleis han skal drivast. Klubben er alkohol- og rusfri, og det vil alltid vera vaksne til stades.

– Me har tru på at dette blir eit fint tilbod for alle ungdommar som ønskjer seg ein møteplass, heiter det i meldinga frå kyrkjekontoret.