Vikjo får ny festival!

Stein Torleif Bjella med band vitjar Vikjo Visefestival. (Pressefoto: Agnete Brun)

Kva får du om du tek det aller beste frå scenen til Bakeriet Frugård og legg det saman med det aller beste frå scenen til Osvald pub og Olsen & Jensens viseklubb?

Svaret er Vikjo visefestival.

Den siste veka i oktober går dei tre kulturinstitusjonane i Leirvik sentrum saman. På menyen står gripande og underhaldande musikk, humor og akrobatikk, utøvd av nokon av dei aller ypparste i faget: Stein Torleif Bjella m/ band, Tønes, De musikalske dvergene, Permanent Vacation, Captain Frodo og Valkyrien Allstars med Tuva Syvertsen i spissen.

Visefestivalen blir arrangert på Arena og på Osvald pub 25. – 28. oktober og inkluderer også familiearrangement.

Meir informasjon er å finna på vikjovise.no

Det same gjer Valkyrien Allstars med Tuva Syvertsen…. (Pressefoto)
…og Tønes. For å nemne nokon. (Pressefoto)