Slutt på «pistolskotet»

Rista er ordna og smellet er vekke. (Foto: Steinar Hystad)

Tekniske tenester i Stord kommune skal har ros for kvikk respons på klagen om rista ved «Rondingen» på kaien. Den låg laus og small som eit pistolskot kvar ein bil køyrde over.  Noko som skjedde mange, mange gonger i døgeret. Dagar etter at klage vart send kommunen, sende driftsleiar Anne Randi Naurstad brev med kommunelogoen på i retur til klagar med  følgjande hyggjeleg melding:

– Til dykkar informasjon har vegavdeling utbetra rista i dag.