Urban hegre

Hegren prøvde fangstlukke i gjestehamna – i låg oktobersol. (Foto: Steinar Hystad)

Fugle- og dyrelivet langs hamnepromenaden i regionshovudstaden tek seg stadig opp. I tillegg til måken som har tilsyn med bussterminalen og katten som har kontroll langs kaiane og stryk seg langs leggene på dei som prøver fiskelukka – har dei promenerande siste tid fått nærkontakt med ein fiskande hegre.  

I låg oktobersol i ei særs stille gjestehamn hadde den smale fuglen funne høvande fangstplass på kjettingen som held bryggjene til lands. Ved tilsnakk, glytta hegren opp, med klar melding om at her skulle middgen sikrast og at han ikkje var interessert i vidare dialog nett då.