Ny og lokal bok om båtar

Første bind med «Fartøyhistorie frå Halsnøy, Fjeldberg og Valen»

Etter eit par års arbeid ligg praktboka om fartøyhistorie frå området vårt på bordet. Tittelen er «Fartøyhistorie frå Halsnøy, Fjelberg og Valen 1900–2023. Del 1». Boka handlar om båtar og sjøfolk innanfor grensene til tidlegare Fjelberg kommune.

Utgangspunktet var Arild Engelsen frå Tønsberg sitt omfattande og kulturhistorisk verdfulle materiale om motoriserte fartøy. Gjennom mange år har Engelsen, som har slekt på Halsnøy, registrert og dokumentert fakta om båtar i drift på våre kantar. I denne første av to planlagde bøker presenterer vi 150 av desse med bilde, fakta og litt til.

Alle er båtar som er, eller har vore, i profesjonell drift innanfor frakt eller fiske, og som har heimehamn på Halsnøy, Fjelberg eller Valen. Fartøya er presenterte i alfabetisk rekkefølgje frå A til L. Dei resterande båtane kjem i bok nummer to, som etter planen kjem ut om eitt år.

Eit oppslag frå boka.

Årets bok inneheld meir enn fine båtomtalar. Her finn du òg historier, forteljingar, anekdotar og intervju som fortel om mange sider ved det å vera knytt til sjøen og havet. Alt frå dramatiske hendingar, angst, lengsel og suter til ellevill glede, iver, spenning, samhald og jubel.

Vi kjem tett på fleire personar som har hatt yrkeslivet sitt på sjøen, og som gir oss eit levande bilde av korleis dette livet har vore – på godt og vondt. Visste du at skipper Hannemor Kristensen er livredd på sjøen, og har du høyrt om den gongen Arild Benjaminson gjekk åleine til Danmark for å levera torskefangst der? Har du fått med deg at ein kutter, bygd i Toftevåg i 1907, i dag er forskingsskip i Middelhavet? Kva veit du om det dramatiske «Landan»-forliset, og har du høyrt om mytteriet på «Drako»? Alt dette og mykje meir kan du lesa om i boka.

Med andre ord treng ein ikkje vera båtentusiast for å finna noko interessant å lesa.

– Ei finfin julegåve, helsar boknemnda.

BOKFAKTA:

Tittel: «Fartøyhistorie frå Halsnøy, Fjelberg og Valen 1900–2023. Del 1»
Sider: 320 + omslag
Opplag: 1200 eksemplar
Utgivar: Lions Club Halsnøy
Grafisk formgjeving: Multipleks design, Husnes/Stockholm
I boknemnda: Idar Landa (leiar), Nils Magne Kloster, Øyvind Særsten, Leif Helge Særsten, Kirsten Marie Fjelland, Torleif Fjelland, Karin Gram-Nygaard, Gerhard Eide, Johannes Eide, Egil Steinar Tofte, Trude Aarsand og Kristian Hus.