Sigbjørn Framnes ny Stord-ordførar

Avtroppande ordførar Gaute S. Epland (t.v) gratulerer arvtakar Sigbjørn Framnes med vervet under første møte i det nyevalde kommunestyret torsdag ettermiddag. (Foto: Haldis Lauksund, Stord kommune)

Etter framlegg frå den nye fleirtalskoalisjonen (FrP, H, KrF, V) vart Sigbjørn Framnes (FrP vald som ny ordførar i Stord kommune for perioden 2023 – 2027. Dette skjedde, slik det skal, på første møte for det nyvalde kommunestyret torsdag ettermiddag. Øyvind Kyvik (H) vart vald til varaordførar.

Opposisjonen samla seg om attval for Gaute Epland (Ap) med Hilde Hilldal Haugslig (SV) som vara.

Dei som hadde ordet påpeika med tyngde at kvinnedelen i kommunestyret har vorte redusert frå 15 til 13, Dette må det gjerast noko med, vart det påpeika. Eit tiltak vert å danne eit politisk kvinnenettverk.