Granli og Olsen: Mi reise med Bob Dylan

Dei fleste har høyrt om Bob Dylan. Blowin’ In The Wind og The Times They Are A-Changin’ og sånn… John Reidar Granli har «reist» med Bob Dylan i 45 år og vil fortelje frå denne reisa. Endre Olsen vil synge utvalde Bob Dylan songar.

Granli er oppvaksen på Bjelland og har etter skulegong budd over 40 år i Bergen og Stavanger. Som nyslått pensjonist flytte han og kona i 2023 heim att til Stord og busette seg på Valvatne.

Musikaren, låtskrivaren og grovaren Endre Olsen har eit travelt år bak seg så langt, med The Voice-deltaking og utstrakt turneverksemd. Snart er han aktuell med si tredje soloplate på dialekt. I kyrkja denne kvelden tolkar han Dylan sine songar på sin måte. 

Som vanleg vert det enkel servering og kollekt.

Nysæter kyrkje tysdag 24. oktober 2023 kl 19:00

Denne meldinga er henta frå Stord kyrkjelege fellesråd.