Folk møter folk

(Ill.foto: Steinar Hystad)

Folk møter folk er eit arrangement der lokale innbyggjarar og menneske frå ulike kulturar blir invitert til å prate saman ein gong.

Målet er at deltakarane skal få eit nytt menneske å sei hei til på gata. To menneske, som kanskje aldri elles ville ha treft kvarandre, blir kopla saman og får prate i om lag 30 minutt. 

Det handlar om å låne litt tid til kvarandre, og me tenkjer at det er kvardagsinkludering i praksis. Ingen av deltakarane forpliktar seg til meir enn dette eine treffet. Deltakarane har fått personleg invitasjon, men tenkjer du at dette er noko for deg, så ta kontakt med minoritetsspråkleg rådgjevar i kommunen, Borghild Gullberg Bakka, tlf. 901 20 357. 

Første «Folk møter folk» er tysdag 17/10, klokka 12.30 på Stord folkebibliotek, og varer i 1-2 timar. 

Dialogmetoden «Folk møter folk» er utvikla av Arendal voksenopplæring, og har henta inspirasjon frå eit bibliotek i Sverige, som i tillegg til å låne ut bøker, også lånte ut svenskar til flyktningar og innvandrarar.

MRK.: Denne saka har me lånt frå Stord kommune sine heimesider.