Kjekk sak på siste møtet

Bygging av avlastingsbustad og barnebustader i Sævarhagen kom i mål med mindreforbruk i høve til kostnandramma. (Foto: Steinar Hystad)

Avtroppande  kommunestyre skal ha sitt siste møte torsdag 19.oktober, med start klokka 1200. På ettermiddagen same dag, samlast det nyevalte kommunestyret for å konstituera seg, velja ordførar og medlemer til  formannskap og utval. 

Ei av sakene på siste møtet gjeld godkjenning av rekneskapen for eit større byggjeprosjekt, som er gjort opp med «overskot»! Kommunedirektøren innstiller på sliktlydande vedtak:

– «Den endelege byggjerekneskapen for prosjektet syner ei budsjettert kostnadsramme på 51 mill. kr, og ein total kostnad på kr 50 733 425, noko som gjev eit mindreforbruk på kr 266 575. Arbeidet er utført på ein god måte, og tilfredsstiller dei kriteria som var sett i bestillinga.

–  Konklusjon: –  Ut frå ovannemnde saksutgreiing, rår kommunedirektøren kommunestyret til å godkjenne byggjerekneskapen for investeringsprosjekt avlastingsbustadar og barnebustadar i Sævarhagen slik det ligg føre. Mindreforbruket kr 266 575 går til nedbetaling av lån.»