Lysa attende i Steinabrekko

Ikkje berre gatelysa ved bussterminalen på Leirvik det er lys i. No meldest det at lysa i Steinabrekko òg er attende til glede for turgåarar. (Illustrasjonsfoto: Steinar Hystad)

– No er lysa frå Nysæter til Hustrudalen i den såkalla Steinabrekko ordna! Der er rådgjevar for idrett og friluftsliv i Stord kommune, Sylve Rusten, som melder dette i ein epost til stordront.no.

– Det var kondens i lampane – og vatn og straum er ingen god kombinasjon. All ros til Teca for godt og flott arbeid. Elles har Fagne vore å sjekka lysa i Landåsen og rundt Ådlandsvatnet, så no kan turgåarane sjå lyset i haustmyrket!

Han oppmodar også folk å melda frå om det framleis er mørke punkt.

– Det gjer du enklast på Haugaland Kraft sine heimesider.