Håpar på ny grus i «sørpehola»

Kan koma meir grus innan utløpet av året. (Foto: Steinar Hystad)

Over normalt flittig bruka av turvegane i Landåsskogen ergrar seg såpass over  dei mange «sørpehola»  at bøn om grus og ifylling er sendt rette instans i kommunen. Informativt svar er kome i retur, og det har denne ordlyd;

«Tekniske tenester viser til mail med purring på utbetring av turløypa i Landåsen. Du skriv m.a. at det ikkje kan ta så lang tid og køyra løypa med ein dosar og grusa løypa på dei verste plassane. Vegavdelinga beklagar at oppgradering av turvegen ikkje har vorte prioritert. Avdelinga har fått ansvaret for om lag 27 km turvegnett. Det følgde ikkje med auka midlar eller auka bemanning til dette ansvaret.

Avdelinga har ansvaret for m.a. køyrevegar, fortau/gs- vegar, bruer, parkeringsplassar, gravesøknader/arbeidsvarsling, stikkrenner/slukar, veglys, kantklypp, skilt osv. Grunna store arbeidsmengder må me prioritera oppgåver.

Trafikktryggleik har stort fokus for drifts- og vedlikehaldsarbeidet og vi har valt å prioritera trafikktryggleik og framkome på køyrevegar og fortau, før framkome turvegane. Ynskje ditt er lagt inn i arbeidslista og me håpar me får prioritert dette i løpet av året.»