Kjem fortau på «innsida» i Sagvågssvingen

Skissa viser korleis fortauet skal følgja eksisterande veg. Fortauet får «gatelys».

Dagens gode trafikksikringsmelding til Sagvåg, er følgjande nabovarsel  frå Vestland fylkeskommune (vegeigaren):

«Det skal byggjast nytt fortau langs Fv545 Sagvågsvegen. Mesteparten av arbeidet er innanfor reguleringsføremål i gjeldande reguleringsplan, R-104-004. Då ein mindre bit av prosjektet kjem innanfor område M avsett til Kontor/forretning, vert det søkt om dispensasjon frå reguleringsplan til dette.»

Og vidare:

«Strekninga av Fv545 Sagvågsvegen frå fotgjengerovergang ved Kiwi Sagvåg til Blåbygget har i dag gang/sykkelveg på yttersida av svingen, men langs innersvingen er det ikkje tilbod til mjuke trafikkantar. Det er stubbar av fortau i kvar ende. Dette prosjektet skal knyte saman disse stubbane. I tillegg vil prosjektet føre til betre sikt i svingen, då ein må fjerne berg for å lage plass til fortauet. Dette vil gi gevinst for bilistar også, då denne svingen i dag er kjent for å vera ubehageleg å køyra på grunn av dårlege siktforhold.»