Men Grand finn dei ikkje

Grand Hotell er eit avslutta kapittel i Leirvik. (Foto: Steinar Hystad)

– Sjå der ja, der har me jo eit hotell! Bilgjester som emnar på overnatting i Leirvik, tenkjer naturleg nok slik når dei nærmar seg rundkøyringa i Vikabrekko/Hamnegata. Der står eit høgreist informasjonsskilt om kva byen byr på og eitt av tilboda  viser seng, knivoggaffel og ordet Grand.

Det var heilt korrekt for nokre år sidan. Før Stord Folkehøgskule overtok lokalitetane.

– Akkurat den informasjonen treng vel ikkje henga så mykje lenger, meiner lesaren som tipsar stordront.no i saka.