Huglo-PR på tyske «autobanar»

Begeistring for Huglo  i kvitt og svart  på tysk bakdør. (Foto: Steinar Hystad)

– «Ein gong Huglo, alltid Huglo», seier eit smilande tyske ektepar om sitt syttande fiske- og ferieopphald på øya aust i Stord kommune.  Dei leiger seg rorbu tett i sjøkanten og trivest altså frami frå godt norsk frisk natur og luft.

Ein D på skiltet på passerande bilar, er på Huglo stundevis like vanleg som N. På ei bagasjeromsdør er begeistringa for øya ved Langenuen limt fast, kvitt på svart med kart og orda Huglo Norwegen.

Slikt blir det god PR av på tyske vegar.