Skal leia overvatnet på rett veg

Dei nye «kryssingsrøyrane» under Lundssetervegen er dimensjonert for solide vassmengder. (Foto: Steinar Hystad)

Prosjekt Ormabrekko er nemninga på anleggsarbeidet som for tida er i gang på Lundssetervegen. Tre godt dimensjonerte betongrøyrar skal leggjast under vegen for å leia overvatn frå ein bekk i området, på rett veg. Det er blitt eit problem at røyrane som  ligg under vegen per dato, ikkje lenger klarar å ta unna  vassmengdene. Overvatnet som ikkje har funne plass i  tildelte røyr, har funne seg ny veg ned frå fjellet under vassleidningane langs Lundssetervegen.