Stram arbeidsmarknad – ønskjer arbeidsgjevarar til jobbmesse

I september var arbeidsløysa i Sunnhordland 0,9 prosent heilt ledige av arbeidsstyrken. Det er ein nedgang på 44 personar i høve førre månad.

– Me følger tett med på utviklinga. Den seier noko om aktivitetsnivået i arbeidsmarknaden. Me ser no at talet går ned, og er på same nivå som før sommaren, seier Håvard Lægreid, leiar i NAV region Sunnhordland. 

I same periode registrer NAV ein stillingstilgang på 301, som er over 50 fleire enn førre månad.

– Stillingstilgangen har gått opp. Den er mest opp innan Helse- og omsorgsnæringa, men også innan Bygg- og anlegg ser me ein særleg oppgang, seier Håvard Lægreid.

Treng fleire arbeidsgjevarar til jobbmesse for flyktningar
NAV omtalar den gjeldande arbeidsmarknaden som stram. Det vil seie at der er underskot på arbeidssøkerar og dermed at det kan vere vanskeleg for arbeidsgjevarane å fylle ledige stillingar.

– No trur me på å knytte verksemder som har eit behov for å tilsette folk med nye grupper menneske. Her er flyktningar éi av desse, seier Håvard Lægreid.

NAV inviterer til jobbmesse for flyktningar, 18. oktober i Stord kulturhus. Dei treng at arbeidsgjevarar melder seg på.

– Jobbmesse for flyktningar er trekt fram som eitt av ti tiltak frå ei hurtigarbeidande ekspertgruppe som såg nærare på kva som må til for å få fleire ukrainarar i arbeid. Me trur effekten kan vere stor også her i vår region, men treng at fleire arbeidsgjevarar melder seg på, seier Lægreid.

Lågast arbeidsløyse i Sveio og på Stord
I Sunnhordland var det i juni lågast arbeidsløyse i Sveio kommune (0,7 %) og Stord kommune (0,8 %). Snittet for heile Sunnhordland er på 0,9 prosent, som er lågare enn gjennomsnittet for både Vestland (1,6 %) og landet (1,8 %).