– Kva gjer kommunen i forhold til rekruttering av sjukepleiarstudentar ved Høgskulen på Vestlandet (Campus Rommetveit)?
Spørsmålet vart reist i Stord Eldreråd tidlegare i sommar, etter opplysningar om at det kunne vera mangel på kvalifisert personale i omsorgstenesta.
– Stord kommune har godt samarbeid med HVL når det gjeld sjukepleiarutdanninga, vart det svart til møtet denne veka. Der heiter det vidare: – Me har mellom anna tilgang til å annonsera i HVL sine kanalar når me skal lysa etter tilsette. 17.08.2023 deltok Stord kommune på arrangementet «god start» og presenterte Stord kommune. Me snakka også då om rekruttering og presenterte ledige stillingar, me formidla også behov for støttekontaktar. Me har fleire studentar som har helgestillingar og tek ekstravakter hos oss. Ein stor og viktig rekrutteringsarena er når me møte studentane i praksis ute i einingane våre.