Prøv deg på «Stordvotten»

«Stordvotten» er kreert av Solfrid Ottesen (Foto: Stord Husflidlag)

Hausten er allereie over oss og då veit du at det ikkje går lang tid før kvikksølvet søkk ned mot 0 – og kanskje endå til ned på minusen. Om du då sit inne framom peisen og varmar deg medan spøtet går er kan henda «Stordvotten» eit godt sluttprodukt. Den førebyggjer i alle fall kalde fingrar og «naglabet».

Det var i samband med jubileet i Stord Husflidslag strikkeglade vart  inviterte til å koma med  forslag til ein eigen vott for kommunen. Kristtorn har ein sentral plass hjå mange stordabuar, samstundes som det er denne heilårsgrøne veksten som prydar kommunevåpenet vårt. 

– God passform, fint fargeval med grått og grønt. Motivet har fin plassering på votten. Kristtornen er framheva med naturleg farge. Dette var dei avgjerande fakta for å kåra Solfrid Ottesen sitt forslag til vinnar av strikketevlinga for  den spesielle Stordvotten. 

–  Det kom inn fleire gode alternativ til Stordvotten, mellom anna med motiv frå Stordbrua, Sherpatrappene og den lokale fjellheimen, seier leiaren i Husflidslaget, Astrid Haugland til stordront.no.

Den som ønskjer seg stordvotten til jul, eller vil gje eit varmt plagg i julegåve, finn mønster og garn i utsalet til Vevnad på Heiane. Vevnad og Husflidslaget har hatt nært samarbeid  i votteprosjektet.