Pris til Stovegubbane

Stovegubbane spelte tidlegare i år opp til dans i Hauglandsstova på Stord Sjukeheim; frå v.  Åge Ottesen, Svein Harald Grov, Lorentz Kannelønning, Kjell Aasheim, Nils Abrahamsen og Oddvar Rommetveit. (Foto: Steinar Hystad)

«Stovegubbane har mange års friviljug innsats for eldre i Stordsamfunnet. Dei spelar mellom anna på Knutsaåsen, på sjukeheimen, på medlemsmøte i Pensjonistforbundet og på andre tilstellingar. Dermed har dei skapa glede og trivsel for mange eldre i ulike samanhengar på Stord»

Det du her har lese, er Eldrerådet si gode grunngjeving for å tildela bandet  Stovegubbane  årets Seniorpris i Stord kommune.

Vedtaket vart gjort på møtet måndag, og sjølve overrekkinga av prisen blir på  Eldredagen i Kulturhuset 7. oktober.