Stord kommune står sjølv for innfordring av uteståande

(Foto: Steinar Hystad)

I kommunestyremøtet torsdag stilte Hilde Hauglid (SV) spørsmål til ordføraren om korleis Stord stiller seg til bruk av inkassofirma til inndriving av uteståande. Ho viste innleiingsvis til at mange kommunar har slike ordningar og at mange saker endar i retten. Hauglid stilte desse spørsmåla:

– Nyttar Stord Kommune inkassoselskap til inndriving av uteståande beløp?

– Kor mange saker er evt. sendt til inkasso i Stord Kommune grunna manglande betaling av kommunale avgifter i 2022 og 2023?

– Kor mange saker er evt. teke for retten i Stord Kommune grunna manglande betaling av kommunale avgifter i 2022 og 2023?

– Dersom saker er tekne for retten, kva er det uteståande beløpa i sakene?

– Har ein fleksibilitet, og høve, til å tilby våre innbyggarar utsetjing og nedbetalingsplanar heller enn å ta saker til retten?

Svara var slik:

1. Stord kommune innfordrer alle krav sjølv.

2. I perioden 2022 – 2023 er det sendt 3021 betalingsoppfordringar.

3. I perioden 2022 – 2023 er det sendt 11 saker til tingretten. Uteståande beløp ved begjæring: 36.000,-. 15.000,- 10.000,- 55.000,- 24.000,- 18.000,- 26.000,- 9.000,- 41.000,- 26.000,- 33.000,-

4. Ein prøver alltid å finne ei løysing saman med skuldnar før tvangsinnfordring blir sett i verk. Me tilbyr betalingsutsetjing og nedbetalingsavtalar.