Kva trur du denne vegen fører deg til?

På gjengrodd sti til…. kva? (Foto: Steinar Hystad)

– Eg såg ei dame prøva koma seg fram på den overgrodde gangvegen, men ho måtte gi opp. Der var uframkomeleg, og jammen må eg sei eg vart overraska når eg såg kva gangvegen fører fram til, seier tipsaren til  stordront.no, etter turen til Kattatveit.

Den sterkt overgrodde gangvegen dukkar fram når ein kjem ut av undergangen mot Lønning og svingar skarpt mot høgre. Der endar ei asfaltstripe i buskar og kratt. Kjempar ein seg gjennom den lokale jungelen vil ein møta på eit autovern som sperrar for vidare framdrift. 

Løftar ein blikket vil ein sjå at det har ein gong vore påtenkt eit busstopp for Kattatveit og Lønning ved E39 på denne staden. Skiltet som varslar busstoppen står der framleis. Mest truleg til inga nytte?

Her endar den overgrodde gangvegen, ved avsperra busstopp under blått skilt. (Foto: Steinar Hystad)