Flott oppstart for Demenskoret

Demenskoret med dei musikalske leiarane Hannah Hillersøy Resser og John-Inge Rolfsnes. Foto: Stord kommune.

Stord demenskor har hatt si første øving, og dei 13 ivrige songarane hadde ein strålande kveld saman med dei musikalske leiarane.

Det var stor songglede og smittande godt humør blant songarane i koret, fortel dei musikalske leiarane Hannah Hillersøy Resser og John-Inge Rolfsnes. I første omgang vil koret som prosjekt gå fram til starten av desember, men me vonar å halda fram i 2024.

Kultursjef Anne Lene Østvold Jordåen fortel at det har vore stor interesse for å få til eit demenskor på Stord, og det er utruleg flott at dette tilbodet no er i gong. Stord Fitjar demensforeining har hatt ei viktig rolle i arbeidet, og det same har Randi Huglen som er demensrådgjevar i kommunen. 

Fleire andre i kommunen står bak opplegget, i tillegg til det fantastiske engasjementet frå frivillige. Gruppa av frivillige er stor, og dei hjelper til med stort og smått. Alt frå å fiksa namneskilt og kaffi til å vera med å syngja i koret. Her har mange bidratt for å laga ei trygg og superkjekk ramme rundt koret.

Red. mrk.: Denne saka har me saksa i si heilskap frå Stord kommune sine nettesider – etter avtale