Erik & Øyvind prøver seg att på Moloen

Erik Jørgensen (t.h) Øyvind Spissøy spelar gratsikonsert på moloen, søndag.

Sundag 3. september ville Duoen Erik&Øyvind spele gratis konsert ved Storddøra (på moloen) – dersom det var opphaldsvêr. Dei som styrer med vêret viste seg å ikkje vera lagspelarar og dermed vart det ingen konsert. I dag, laurdag 9. september, er vêrutsiktene betraktelege betre. Dermed gjer duoen eit nytt forsøk klokka 17.

Duoen består av Erik Jørgensen (vokal, gitar, munnspel) og Øyvind Spissøy (vokal og perkusjon). Musikken er pop og rock frå 1965 til 1995 + nokre fine viser. Karane har lang fartstid i musikkmiljøet på Stord i band som Festus, Askepott, Bastard, Sinnamekkeren osv.

Ta med deg sitteunderlag eller klappstol og gjer deg klar til fin utsikt og trivelig musikk på moloen.