God redningsøving på og over Vikafle

10 elevar vart heiste opp frå flåten. (Foto: Steinar Hystad)

Dei 95  nye elevane  på Stord Folkehøgskule  denne hausten, fekk ei lærerik avslutting på todagars-turen med  M/S Sunnhordland fredag ettermiddag. Elevane fekk vera med på fullskala redningsøving på Vikafle, saman med mannskap frå Redningsselskapet og Redningshelikopter frå hovudreningsentralen på  Sola.  50  elevar ikledde seg  redningsutstyr og hoppa i flåten akter på veteranskipet.  10  av dei vart verande  på flåten og seinare heist om bord i det kraftige helikopteret, som  gjekk til  Sørstokken med dei «berga».

Alt gjekk som det skulle, alt utstyrt fungerte som det skulle – ei vellukka og realistisk øving, var konklusjonen i etterkant.

Elevane på folkehøgskulen var deltakarar i realistisk øving. (Foto: Steinar Hystad)