Lysare under Bømlafjorden

Veggene i Bømlafjordtunnelen er blitt kvitkalka  opp i 3 meters høgde. Arbeidet vart avslutta torsdag kveld. (Foto: Steinar Hystad)

Ei stund sidan du har køyrt gjennom Bømlafjordtunnelen? I så fall har du å gleda deg til reint lysmessig. Bergveggane som har vore helst mørke sidan tunnelen vart opna for trafikk  ved årtusenskiftet, er nemleg  blitt kvite. Sist veke var entreprenør med spesialmaskinar i tunnelen og sprøyta veggene med kalk. Eit prosjekt i regi av vegeigar, Statens vegvesen, som me trafikkantar berre kan takka hjarteleg for.  Mykje «lettare» å vera sjåfør ned mot 260 meters djupne, når ein blir møtt av lyse tunnelvegger.