Kan få vass-spegelen att for 8 millionar

Fullt mogleg å ta vass-spegelen tilbake i «Vannverket» –  om pengane og viljen er der… (Arkivfoto: Steinar Hystad)

Kommunedirektøren skisser tre moglege løysingar for vassverk-dammen i Lønningsåsen, som etter krav frå statleg tilsynsmynde for tida viser seg i uttappa versjon.  Demningen stod ferdig hausten 1913, men stettar ikkje lenger tryggleikskrava og spørsmålet om kva framtida blir for dam og mur  får si politiske avgjerd i haust.

I ei lenge utgreiing  til førstkomande møte i Utval for plan og utvikling (PUT) viser Kommunedirektøren til tre alternative løysingar. Han  innstiller sjølve på den billegaste  løysinga, som er å riva demningen og la lendet  gro naturleg til. Kostnaden er rekna til vel 4 millionar kroner.

Alternativt tilrår kommunedirektøren å gå for riving av demningen og bygging ny dam  til  vel 8 millionar kroner.  Det vil «berre» bli vel 300.000 kroner dyrare enn å riva muren og byggja park i staden for  dam, som er det tredje alternativet.  Dei to sistnemnde alternativa vil begge dra  med seg kostnader til vidare vedlikehald.